Keramikar Liv Sundal på haustutstilling:

Keramikar Liv Sundal på haustutstilling:

Haustutstilling: "Form mellom bekkefar og leira" - Liv Sundal, keramikk. Laurdag 24. og søndag 25. oktober kl 12 – 17. 

Helga 24. og 25. oktober er det duka for ny, spennande utstilling i Galleriet på Breidablikk/Dokkegalleriet med keramiker Liv Sundal.

Liv Sundal har hatt eige studio frå 1989, først spennande år på Tysnes og deretter seks innhaldsrike år med verkstad og butikk i Bergen sentrum. Ho har no etablert verkstad heime i Knarvik, Lindås kommune. Liv har utdanning m.a. frå Danmarks Designskole København keramikk/design 1982 – 1987.

Liv bruker det vakre beinporselenet som uttrykksmiddel. Ho blir inspirert av det som spirer og gror i naturen, og detaljer frå maritim natur pregar ofte arbeida hennar. Ho lagar både bruksgjenstandar og abstrakte skulpturar. Liv har hatt ei rekkje separatutstillingar og prosjekt, har delteke på mange gruppeutstillingar og er m.a. innkjøpt av Fiskeridirektoratet og Bergen kommune. Ho har også hatt fleire undervisningsoppdrag og er representert på ei rekkje galleri på Vestlandet. I 2014 fekk ho oppdraget med å laga alterutstyr og dåpskål til Knarvik kyrkje.

Liv Sundal si nettside finn du her 

10.10.2015 15.59