Kystsogevekene 2016

Kystsogevekene 2016

Folkedrakter på Tysnes - frå 1800-talet. Laurdag 3. og søndag 4. september kl 12 - 17. Utstilling i Galleriet på Breidablikk (Dokkegalleriet), Grovarvegen 16 v/Tysnes kyrkje Utstillinga vil visa eit mangfald av særleg kvinneklede frå 1800-talet. Merk foredrag laurdag 3. september kl. 13. 

Laurdag 3. september kl 13: Foredrag om "Folkedrakter på Tysnes" v/Britt Kjellesvik Rage (i utstillingslokalet). Britt Kjellesvik Rage har i fleire år samla og systematisert gammalt draktmateriale, som ein m.a. kan sjå i folkedraktdokkene som ho er kjent for og som også vil bli stilt ut. I samband med utstillinga vil ein dessutan kunna sjå delar av Britt sin øvrige produksjon av tekstiler og historiske plagg. Gratis adgang. Arr.: Britt Kjellesvik Rage

 

24.08.2016 09.51