Kystsogevekene 2015: TØYET UNDER TØYET. Gammalt undertøy frå Sunnhordland.

Kystsogevekene 2015: TØYET UNDER TØYET. Gammalt undertøy frå Sunnhordland.

Kystsogevekene 2015: TØYET UNDER TØYET. Gammalt undertøy frå Sunnhordland. Laurdag 8. og søndag 9. august kl 12 - 17 i Dokkegalleriet. Utstillinga er framleis å sjå etter førespurnad. 

Utstillinga vil visa eit mangfald av særleg kvinners undertøy før og etter 1900. Eit par av dei utstilte underskjørta er funne i ein gammal husvegg på Tysnes! Britt Kjellesvik Rage har spesialisert seg på dokker i folkedrakter, men skaper óg andre ting innan tekstil. I dei siste åra har ho arbeidd mykje med gjenopptaking av gamle drakttradisjonar og hatt utstillingar, halde foredrag og skrive artiklar om eldre draktmateriale. I samband med utstillinga vil ein også kunna sjå delar av Britt sin produksjon.

Arr.: Britt Kjellesvik Rage under Kystsogevekene

03.08.2015 10.50